Bringedukdrakta


Dette er hovuddelane som utgjer bringedukdrakta frå Øvre Valdres:

Rull

Rull er hovudplagget for gifte kvinner. Den er sammensatt av tre delar: Rull, rullehette (som kan vere filert eller i tyllbroderi) og silketørkle.

Jenteoppbinding

Jenteppbinding er hovudplagget til ugifte jenter. Den er samansett av tre delar: vevd band, pannelin og silketørkle.

Skjorte

Skjorta er av lin og har kvitsaumsbroderi på hals- og armlinningar.

Bringeduk

Bringedukane kan vere broderte på lin eller raudt ullstoff. Mest brukt er korssting og holbeinssaum i fargane raudt, blått, grønt, gult og kvitt ullgarn. Det kan også vere aplikerte med perler og/eller med sølv eller gull kniplingar/band.

Livet

Livet kan vera i ulike stoffkvalitetar, farge og mønster som silke, ulldamask eller kalemank. det blir kanta med fløyel eller band.

Belter

Beltene kan vera perletredde - dei vanlegaste fargane på perlene er kvit, gr&olsash;n, gul og svart - montert på raud botn. Dei kan også monterast på lin eller raudt ullstoff. Mest brukt er korssting og holbeinssaum i fargane raudt, blått, gr&olsash;nt, gult eller kvitt. Det er også moglegheit til å velge messingbelter.

Stakk

Stakken er i svart eller mørk blå toskafta ullstoff. Den blir foldelagt i livet. Etter nedre kanten er det skodning og slitekant.

Forkle

Forkle kan vere i ulike fargar trykt mønster på lys bommullsbotn. Du kan og velja vevd forkle i svart eller blått med striper i raudt, blått, grønt og kvitt.

Lomme

Lomma kan vere brodert på lin eller raudt ullstoff, med korssting eller holbeinssting, i ullgarn. Dei vanlegaste fargane er blått, grønt, gult, raudt og kvitt. Det kan også vera svart eller mørke blått klede med brodert monogram og årstal.

Foldetrøye

Foldetrøya er i raud vadmel, kanta med grøn silke eller grøn fløyel. Frå livet og ned er det innfelt eit foldelagt stykkje bak på jakka. Den er open framme og blir halde saman med trøyelenke og eit belte.
2006-2019 © Vang Bunadsaum // Utvikla av: Vidme Multimedia