Bringedukdrakt frå Øvre Valdres


Frå sist på 1700-tallet og fram mot ca 1840 var Øvre Valdres eit draktområde, som hadde si eiga drakttradisjon.

Her var folkedraktene, som var dei kleda bygdefolk brukte i førindustriell tid, i dagleg bruk. Det var klede med graderinger frå kvardagsklede til helg- og høgtidsklede, og med normer og reglar for bruken av dei.

Hovudplagget var viktig og det markerte skilnaden på gift og ugift. Jentene brukte jenteoppbinding og konene brukte rull.

Den høge livlinja viser motetrekk frå empirtiden (1790-1830). Det var i denne draktkulturen bringedukdrakta høyrde heime.

For å kunne gjenskape bringedukdrakta vart det gjennomført ein systematisk kartlegging av draktkulturen. For å halde tradisjonen best i hevd er bringedukdrakta rekonstruert av høgtidskleda, og då er det 3 kilder som er viktige:

  • Skriftelege kilder: Forskere, folkeminnesamlere.
  • Kunstneriske framstillingar - hovudsakeleg tre akvareller av Johannes Flintoe (1786-1870) måla rundt 1820.
  • Klede: Bevara klede frå aktuell tidsperiode.
2006-2019 © Vang Bunadsaum // Utvikla av: Vidme Multimedia