Om Vang Bunadsaum


På Klokkarhaugen i Vang i Valdres har Vang Bunadsaum sitt verksted. Her kan du få sydd deg Bringedukdrakt frå Øvre Valdres. Dette er ein bunad med røter i den gamle folkedrakttradisjonen fra ca. 1790-1840. Du kan få sydd etter mål, og eg har eller kan skaffe alt materialet du treng.

Den som styrer dette er ei syglad dame som heiter Berit Vidme. Eg har 15 års erfaring innen bunadsaum og gamle drakttradisjonar.

Saman med sylvsmed Inger Norunn Solhaug og fagleg assistanse frå Bunad- og folkerådet, rekonstruert ei brudedrakt frå same tidsperiode som bringedukdrakta. Originalen er utstilt på Valdres Folkemuseum.

Høst 01 og våren 02 fullførde eg studiet "Drakt og samfunn" ved Universitetet i Bergen.

2006-2019 © Vang Bunadsaum // Utvikla av: Vidme Multimedia